Ofte stilte spørsmål om feriepengar og ferie

Statens arbeidsgiverstøtte får ein del spørsmål rundt regelverket for ulike permisjonsordningar. Spørsmål og svar skal vere eit tillegg til informasjonen som du finn på fagsidene, og er difor ikkje uttømmande.

Kva skjer med feriepengar når ein medarbeidar sluttar og startar i ei anna statleg verksemd?

Feriepengar og eventuell løn for ikkje-avvikla feriedagar skal verte utbetalt når ein medarbeidar sluttar – dette gjeld og når medarbeidaren sluttar, og startar i ei stilling i ei anna statleg verksemd.

Ferie og feriepengar i permisjonar 

Skal feriepengar utbetalast når arbeidstakar har permisjon utan løn frå hovudarbeidsgivar for å arbeide i anna statleg verksemd?

Når ein medarbeidar er i permisjon, vert feriepengar utbetalt i juni månad frå hovudarbeidsgivar. Feriepengane skal ikkje føres over til den andre statlege verksemda.

Korleis avviklar ein arbeidstakar opptente feriedagar, mens han eller ho har permisjon utan løn for å jobbe i anna statleg verksemd?

Ein slik arbeidstakar må avtale ferie både hjå hovudarbeidsgivar og biarbeidsgivar. Hovudarbeidsgivar teller feriedagar og betaler feriepengar i juni. Biarbeidsgivar avtaler kva dagar og trekker i løn for uttak av ferie.

Ferie, feriepengar og seniordagar 

Har ein arbeidstakarar over 60 år ekstraferie?

Arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, skal ha ei veke ekstra ferie. Denne ferien disponerer arbeidstakaren sjølv, men han eller ho må varsle arbeidsgivar om ferien seinast to veker før.

Kva er senior tenestefri (seniordagar)?

Seniorarbeidarar får frå fylte 62 år åtte dagar ekstra fri med lønn. Verksemdene kan også avtale seks dagar til ut over dette. Desse dagane er ikkje eigentleg ferie, men kan verte tatt som fridagar. Dei kan også verte tatt som redusert arbeidstid etter nærare avtale med arbeidsgivar.

Kan seniordagar betales ut som lønn?

Arbeidsgivar kan ikkje betale ut desse fridagane som lønn.

Om ekstra fri for seniorar over 62 år (lovdata.no)

Kan ein arbeidstakar forlenge ferien sin ved å nytte seniordagar?

Ja, tilsette kan forlenge ferien sin ved å nytte seniordagar når dette har vorte avtalt med arbeidsgivar.

Kan arbeidsgivar krevje at arbeidstakar tek ut all ferie før han eller ho tek ut seniordagar?

Dette skal avtalast med den einskilde og ut frå arbeidssituasjonen.  Arbeidsgivar har drøftingsplikt når det gjeld fastsetjing av ferietida og oppsett av ferielister, anten med den einskilde arbeidstakar eller arbeidstakarens tillitsvalde. Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakar avviklar full ferie.

Særavtale om ferie for statstilsette seier at inntil 14 feriedagar kan overførast til neste år, mens seniordagane ikkje kan overførast. Dette må ein ta omsyn til når ein avtaler uttak av ferie og seniordagar.

Kan unytta seniordagar overførast frå eitt år til eit anna?

Nei, seniortenestefridagar er ikkje det same som feriedagar, og dei kan difor ikkje overførast.

Ferie og turnus 

Skal turnusfridagar i ferieperioden reknast som ferie?

Lov om ferie, kapittel II, «feriefritida» seier dette: «verkedagar i ferien som etter arbeidstidsordninga likevel ville ha vorte fridagar for arbeidstakar, reknast som feriefritid. Dagane går til frådrag etter fyrste punktum, samt nummer 2 og 3.

Døme: Ein person går i tre vekers turnussyklus, med to veker på arbeid og ei veke fri. Når denne personen startar sin tre vekers ferie på punktet med de to vekene med jobb, skal den tredje veka, som er ei friveke, reknast som ferie.

Ferie og sjukdom

Kva skjer når ein arbeidstakar har avtalt å ta ferie når personen skal slutte, men så vert sjukemeld?

Arbeidstakar som vert heilt arbeidsufør før ferien, kan krevje at heile ferien vert utsett til seinare i ferieåret. Dette fylgjer av Lov om ferie §9 nr. 1. Loven seier at kravet må «dokumenterast med erklæring frå lege og kravet må leggast fram seinast siste arbeidsdag arbeidstakaren skulle hatt før ferien.

Delvis sjukemelding gir ikkje grunnlag for å utsetje ferien.

Skal den tilsette slutte, skal feriedagar som ikkje har vore avvikla, utbetalast uansett sluttårsak.

Kva skjer når ein arbeidstakar vert sjuk i sjølve ferien?

Ein arbeidstakar som vert sjuk i sjølve ferien, kan få utsett feriedagane om personen kan vise til sjukemelding for desse dagane. Det er ei føresetnad at personen er for sjuk til å ha ferie og at ein er sjukemeld 100 prosent.

Kravet må dokumenterast med sjukemelding, og arbeidsgivar må få sjukemeldinga så raskt som mogleg etter at arbeidstakaren er tilbake i arbeid.

Eigemelding gir ikkje rett til nye feriedagar.

Kor mange feriedagar kan overførast frå eit ferieår til eit anna?

Det kan overførast inntil 14 feriedagar med løn som følgje av særavtalen.

Oppteningsår og ferieår

Er arbeidstakar nøydd til å ta ut ferie?

Arbeidstakar har både rett og ei plikt til å avvikle full ferie.

Som arbeidsgivar må du passe på at arbeidstakar avviklar full ferie. Det gjeld også når personen skiftar arbeidsgivar.

Arbeidstakar er likevel ikkje nøydd til å ta ferie utan lønn viss feriepengane hos noverande eller tidlegare arbeidsgivar ikkje er nok til å dekke lønnsbortfallet under ferien.

Om verksemda stopper drifta heilt eller delvis i samband med ferieavviklinga, kan arbeidsgivar likevel forlange at arbeidstakar tar ferie.

Kan ferie overførast til neste år?

Både arbeidsgivar og arbeidstakar må følgje ferielova, og begge har eit ansvar for at ferie vert avvikla i ferieåret.

Det kan avtalast å overføre 14 feriedagar (feriedagar etter ferielova og dei tariffesta). Arbeidsgivar kan likevel ikkje stryke feriedagar som ikkje er avvikla. Alle feriedagar, som ikkje vert avvikla, både dei etter ferielova og dei tarifffesta, skal overførast. Du kan ikkje som arbeidsgivar betale ut ferie som ikkje vert avvikla. Feriedagar til gode skal berre betalast ut når arbeidstakar sluttar.

Kan eg pålegge arbeidstakar å ta ferie i oppseiingstida?

Om du som arbeidsgivar må seie opp ein arbeidstakar, kan du ikkje legge ferien i oppseiingstida utan samtykke frå den oppsagte.

Unntaket er viss oppseiingstida er på tre månader eller lenger. Då kan du som arbeidsgivar krevje at ferien vert avvikla i oppseiingstida innanfor rammene av ferielova.

Viss arbeidstakar sjølv seier opp stillinga, vil det ikkje ha noka innverknad på allereie avtalt ferieavvikling. Allereie avtalt ferieavvikling kan heller ikkje som hovudregel endrast på grunn av oppseiing, med mindre arbeidstakar samtykker til det.

Kan eg endre tida for ferieperiode?

Du kan endre oppsett ferietid for ein arbeidstakar.

Ei slik endring kan berre gjerast når uføresette hendingar skaper vesentlege driftsproblem, og det ikkje kan skaffast stadfortredar.

Arbeidsgivar må drøfte endringa med arbeidstakaren på førehand. Arbeidstakar kan ha med seg ein tillitsvalt under drøftinga. Som arbeidsgivar har du plikt til å erstatte dokumenterte meirutgifter arbeidstakaren får ved å flytte ferien sin.

Oppdatert: 23. mai 2022

Fant du det du lette etter?

Det beklager vi!

Hva lette du etter? Bruk gjerne stikkord